VELKOMMEN TIL STORD LUFTHAMN!

Lufthamna
ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord. Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna. Stord lufthamn
er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.
Flyplassanlegget er eigd av Stord kommune og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S. Stord kommune (79%) og Hordaland fylkeskommune (21%) er eigarar av lufthamnselskapet.
Flyselskapet Danish Air Transport (DAT) flyg 9 rundturar pr. veke på strekninga Stord-Oslo-Stord med flytypen ATR-42 med 46 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Oslo tek ca. 1 time.
Stord Lufthamn tilbyr rask og effektiv innsjekk og gratis
parkering for bilar. Kjem du med elektrisk bil; gratis
opp-lading medan du er borte!
Vi ber alle våre passasjerar om å møta opp på lufthamna i god tid før flyavgang.
For meir info om Sunnhordland sjå www.visitsunnhordland.no