topp


Flydag på Stord Lufthamn laurdag 28. august

Laurdag 28. august vert det arrangert flydag på Stord lufthamn, Sørstokken. Portane åpnar kl. 12.00. Det vert statisk utstilling av fly kl. 13.00 - 14.30. Flygeoppvisninga startar kl. 14.30 og held fra til kl. 17.00. Under den statiske utstillinga vil publikum få høve til å delta på rundflyging med fly og helikopter. Det vert også høve til å hoppa fallskjerm (tandemhopp) for dei som måtte ynskja dette. Det vert sal av is,brus og pølser.

Billettprisar :

Born under 15 år kr 50,-

Vaksne kr 100,-

Familie kr 250,-

Fylgjande deltek på flydagen : (Sida vert oppdatert fortløpande)

Luftforsvaret

Luftforsvaret deltek med eit fly av typen Vampire T55. Flytypen var det fyrste jet-jagerflyet i det norske luftforsvaret. På flydagen vil flyet visa kva det er god for i lufta. Flyet vil også delta på den statiske utstillinga. Flyet er stasjonert på Rygge Flystasjon og er i dag eigd av Kenneth Aarkvisla. Flyet har fått den norske registreringa LN-DHX. Flyet er måla i det norske luftforsvaret sine fargar med merkinga M-PX. På flydagen på Stord vil flyet saman med ein offiser frå luftforsvaret stå for marknadsføring av forsvaret. Det vil under flydagen verta føreteke ei utlodning der vinnaren får ein flytur med Vampiren.

Bergen Fallskjermklubb

Bergen Fallskjermklubb vil føreta fallskjermhopping på flydagen.

Tandemhopp

Bergen Fallskjermklubb vil på flydagen tilby tandemhopp på Stord Lufthamn. Prisen pr. tandemhopp er kr 3.990,-

Den som hopper tandem får video av hoppet inkludert i prisen. Dei som ynskjer å hoppa kontaktar lufthamnsjef Myklebust på mobil 92665553 for påmelding.

Eagle

Pilot Håkon Fosso vil på flydagen visa oss kva hans fly av typen Eagle er god for

DC-3 frå Dakota Norway

På flydagen vert det mogleg for publikum å delta på rundflyging med DC-3 frå Dakota Norway. Rundflyginga går rundt øya Stord. Pris er kr 500,- for vaksne og kr 350,- for barn. Påmelding til Dakota Norway på deira stand på Stord lufthamn.

Russian Warbirds of Norway med flytypen L-29

Russian Warbirds of Norway vil under flydagen på Stord lufthamn stilla med 2 fly av typen L-29. På Stord lufthamn vil pilotane visa publikum kva dette russiske flyet er god for. Om du ynskjer det er det mogleg å få seg ein demotur i flyet. Kontakt Terje Traaholt på tlf. 90 17 85 55.

Russian Warbirds of Norway stiller også med flytypen YAK-52 på flydagen på Stord lufthamn.

Norsk Luftambulanse

Norsk Luftambulanse kjem til flydagen på Stord Lufthamn. Luftambulansen vil visa kva helikopteret er god for. Helikopteret vil også stå på statisk utstilling slik at publikum får høve til å ta helikopteret i nærare augesyn.

Sola Flystasjon Flyklubb

Sola Flystasjon Flyklubb deltek med flytypen Saab Safir. Denne flytypen vart gjennom mange år nytta til å utdanna pilotar i Luftforsvaret. For dei som måtte ynskja det er det mogleg å få kjøpa seg ein flytur med Saab Safir. Demotur på 20 minutt kr 2.500,-.Påmelding

Danish Air Transport med flytypen ATR-42

Danish Air Transport (DAT) vil på flydagen delta med eit fly av typen ATR-42 på statisk utstilling og publikum vil få anledning til å komma ombord i flyet. Det er fly av denne flytypen DAT nyttar på ruteflyginga si mellom Stord og Oslo. DAT vil også arrangera ein konkurranse der det er høve til å vinna flybillettar Stord-Oslo t/r.

Modellfly

Det vil verta flyging av forskjellige modellfly på flydagen. Modellflya vil også verta representerte på den statiske utstillinga.

Helikopter frå Lufttransport A/S

Lufttransport A/S vil delta med eit helikopter på flydagen. Det vil verta høve for publikum å få seg ein rundtur med helikopteret. Pris for ein rundtur på 8 minuttar er kr 450,- pr. passasjer.

 

 

 

 

 

 




 
 
bunn
Webdesign: Mathilde Oord
© Hystad Marketing as

Sunnhordland Lufthavn AS, Flyplassvegen 344, 5410 Sagvåg
Telefon: 53 40 37 00 - Telefaks: 53 40 37 01
E-post: admin@stordlufthavn.no